Lykka er ein sjeldan fugl (Originaltittel: La Consolante)
Anna Gavalda |
Det Norske Samlaget, 2009
ISBN: 978-82-521-7350-5
623 sider |
Den verkelege familien sin finn ein undervegs. Etter den enorme suksessen med Saman er ein mindre aleine, er Anna Gavalda tilbake med ein stor roman om kjærleik, håp og nye sjansar. Du vil kjenne deg igjen og la deg begeistre av det fargerike språket, den kjappe humoren og den store medkjensla. Nok ein gong har Anna Gavalda, som har forført 10 millionar lesarar over heile verda, funne den fine balansen mellom sorg og glede.
Den suksessrike arkitekten Charles Balanda nærmar seg femti. Han er utmatta, forholdet til kona Laurence blir stadig kjøligare og grunnmuren livet hans er bygd på begynner å breste. Da han får eit usignert brev med meldinga "Anouk er død", strøymer minna på. Charles leitar seg tilbake mot hendingar og menneske frå ungdomstida, og på vegen møter han Kate, ei kvinne som bur i eit slags rotete, landleg paradis, omgitt av barn og dyr. Charles og Kate blir tiltrekte av kvarandre, men ingenting er gitt på førehånd.
Tove Bakke, som har omsett boka frå fransk, har gjenskapt Anna Gavaldas univers med stor språkleg presisjon og litterær innsikt.
Denne boka står i kø på lestelisten min og venter på å bli lest! :)
| |

Karakter:

Lest:
-
Les også:
Saman er ein mindre aleine
Eg elska ho
Ein vakker dag
Boka kan kjøpes her:

|