Mors og fars historie

Edvard Hoem

Forlaget Oktober, 2005
ISBN: 978-82-495-0365-0
209 sider

- Mamma, elskar du han pappa? spurte eg mor ein gong i min fjerne barndom. Vi var i kjøkkenet heime på garden i ei lita bygd på vestkysten av Norge, det var vinterkveld. Veggene på kjøkkenet var blå, taklampa lyste, det var mørkt utanfor vindauget. Mor skramla med koppar og kar, ho rydda bort etter kveldsmåltidet. I alle år var det på same måten: Ved nitida om kvelden var fjøsstellet unnagjort, kyrne var mjølka og hesten hadde fått stell. Mor var komen inn for å avslutte dagen.

Kanskje var eg seks år gammal. I alle fall var årstalet 1955.
Eg hadde oppdaga at det var noko som heitte å elske, og eg tenkte på kva det kunne vera. Når eg endeleg våga å fritte ut mor, var eg spent, for eg visste ikkje om ho ville bli sint. Men eg ville vite kva som låg i eit så rart ord, og eg ville sjå på ansiktet hennar når eg spurde.


Denne boka står på leselisten min og venter på å bli lest! :)



Karakter:


Lest:
-

Boka kan kjøpes her: