Vente, blinke Gunnhild Øyehaug |
Kolon Forlag, 2008 | |
Vente, blinke er ein roman med fleire historier: Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardottera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar. Denne boka står på leselisten min og venter på å bli lest! :) |
| |